Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for april, 2007

Det er nokon dagar som berre er triste. Når kjærasten kastar opp, det regnar ute og alt er kaos i hovudet. Du veit kva eg meiner. Som terapi for meg sjølv og andre, har eg laga ei «kjem i godt humør kjapt»-liste til bruk ein regnværsdag eller noko i den stilen.

  1. Denne sida får deg glad igjen på eit augeblikk. Det er ei overdose søte dyr som berre venter på deg. «Ååå» seier me i kor.
  2. Denne panda-beibien som nyser også ein slagar
  3. Tori Amos
  4. Belle & Sebastian
  5. Neil Gaiman gjer alltid meg ein god kjensle^^ Og sidan han har ein eigen blogg, kan eg lese litt av han sjølv om han ikkje har nokon ny bok ute.
  6. Såpeboblar. Kjøp eit rør på Nille for ei tikrone og pynt verda omkring deg. Kvardagsmagi med og kjemi på ein gong!
  7. Såpeboble

  8. Det som funka for meg idag- å lese Philip Pullmanns bøker His Dark Materials er ei fantastisk trilogi
  9. Det som alltid funkar for mannen min: Å sjå dette klippet frå Freakzoid. «Lykilig liten Naarkhval»

Freakazoid #5.5 – Conversational Norwegian

Skriv i kommentarfeltet kva som funker for deg (c:

.

Advertisements

Read Full Post »

Så nerd er eg

I am nerdier than 95% of all people. Are you nerdier? Click here to find out!

All hail the monstrous nerd. You are by far the SUPREME NERD GOD!!!

Sa nerde-testen til meg. Så no veit dykkar det. Eg er nerde-guden. Yay.

Read Full Post »

Eg har forelska meg i PostSecret– eit kunstprosjekt der folk fra heile verda sender inn postkort med løyndomar dei ber på. Det har blitt til fleire bøker etterkvart, samt ein blogg som oppdaterast kvar sundag. Dei er så fine!

Nokon er triste, nokon fine, nokon kvalmende og nokon berre morosame.

Her er eit par- sjekk dei ut!

dog.jpg
fart.jpg

Read Full Post »

Eg skriv nesten berre nynorsk om dagen. Eg prøver på eit vis. Eg sender tekstmeldingar på nynorsk, tek notatar på nynorsk, skriv hemmelege beskjedar til folk i timen og greier meg på fleire sett.

Likevel- eg har ei kjensle av å være mål-scizofren. Både fordi eg har ein god del vener som blir oppriktig provoserte og harme av nynorsken, og som eg difor tykker det er lurast å skrive bokmål til, og fordi bokmålet er over alt, på alle kantar. Eg skriv nynorsk og må heile tida svare på eit anna mål enn dei andre.

«Kvifor? Kvifor nynorsk?» seier syster mi sint. «Kvifor ikkje lære seg japansk i stedet?» Eg tenkjer eg kan trekke ei line til noko eg har spelt mykje; WoW. Det er mykje meir morosamt å levle opp noko du er godt i gang med. Det skal mindre til at eg får nok «språkpoeng» og lærer meg «ability-en nynorsk» enn det skal før eg lærer meg f.eks japansk. Målet mitt er å meistre båe målføre like bra- å kunne sjonglera fritt mellom dei. Eg hadde ein gong ein lærer som kunne skrive like godt med båe høgre og venstre hånd- slik vil eg ha det. To morsmål til meg, takk! Så eg levler opp. Og det går betre og betre for kvar dag.

Elles er det mange ting som gjer meg sur. Det er ei del ting eg berre ungår å gjere. Som å lese kommentarar på artiklar i nettavisar. Diverre er det ikkje alltid eg får det til. Willy Pedersen, professor i sosiologi ved UiO hadde ein god kronikk i Aftenposten for ei tid sida som eg ville lese igjen. Eg fann han på nett- og fekk bakoversveis. Pedersen skriv om ein undersøking han har gjort rundt voldtekt og meiner det er klare strukturar som ligg til grunn. Av utvalget av normale ungdommar han intervjuva, har 10% av jentene vore utsatt for overgrep. Overgriperen var nesten alltid ein som stod jenta nær. Ok. Ein skremmande, men god kronikk. Eg hadde lest han før. Problemet er alle kommentarane som står under. Eg må verkerleg slute å lese sånne, eg kjem til å daue av høgt blodtrykk lenge før tida. Eg blir provosert.

Såh: Siden Aftenposten lar dere registrere anonymt, skal eg i alle fall henge dykk ut så alle kan se kor utroleg teite ting dere meiner:

Ok- denne kan eg forvente meg. Eg er ikkje enig, men eg kunne forutsjå han:

«man må som jente kunne kle seg på en nøytral måte. Jeg ser til daglig jenter i oslo sentrum som ser ut som om de kommer direkte fra et bordell.
Når man er stup full samtidig som at man er tynnkledd nedentil, er veien kort for utlendinger med et negativt kvinnesyn
»

Slemme, svarte menn kjem og tar deg om du ikkje har burka på. Korleis den som har skrevet dette, klarer å få dette til å henge samen med argumentet om at dei fleste jenter voldas heime av nokon dei kjenner, aner eg ikkje. Kort sagt: Teit. Neste er likevel endå verre:

«Jeg mener at å sammenlikne «nachspielvoldtekter» og den type overfallsvoldtekter vi har sett den siste tiden blir som å sammenlikne butikknasking og NOKAS ranet.
Begge deler er ulovlig, men der slutter også likheten.
Dette betyr ikke at nachspielvoldtekter er OK, på ingen måte.
»

Hallo? Ei voldtekt er ikkje like ille om han skjer på eit nachspiel? Kor tar du det frå? Eg ser ikkje logikken. Er det mindre traumatisk om det skjer når du har ein kjensle av tryggleik fyrst? Det blir verre:

«Jeg tror de fleste jenter jeg kjenner har blitt utsatt for ett eller annet som kan kvalifisere til voldtekt.( i fylla, på nachspiel,sovnet i feil seng, ect) men kun en har tatt skade og hum ble overfalt på gata og voldtatt av våre nye landsmenn…»

Eg kan ikkje lese sånt, eg vil berre myrde nokon. Du trur folk har voldtatt venninna di, men at ho neppe tar skade av det? Kva gjer du med damer i fylla? Voldtar du dei og trur det er greit?

Nei, eg kan ikkje lese sånne kommentarar. Og eg håper inderleg at nettavisene byrjar å tvinge folk til å registrere seg før dei skriver i veg. Det er forskjell på «ein fri debatt» og muligheiten til å spy ut dumme ting uten å måtte stå ansvarleg. Hadde du som skreiv disse hårreisande greiene stått der med fullt navn kunne eg adressert aggresjonen min ein stad i alle fall.

Read Full Post »


You Are 60% Boyish and 40% Girlish

You are pretty evenly split down the middle – a total eunuch.
Okay, kidding about the eunuch part. But you do get along with both sexes.
You reject traditional gender roles. However, you don’t actively fight them.
You’re just you. You don’t try to be what people expect you to be.

How Boyish or Girlish Are You?

Eg er altså 60% guteaktig og 40% jenteaktig. Artig å vite.

Read Full Post »

Eg har ikkje skrivi noko på ei stund, eg har nytta tida til å endre design på bloggen og sånne ting.
Eg trur det er få ting eg har fått så mykje reaksjonar på som freistnaden min på å skriva nynorsk.
Alt frå vener av meg som seier dei kjem til å nekte å lase bloggen min framover til entusiastar og norsklærere som hoppar i taket over ideen. «Kvifor ikkje ordentleg høgnorsk?» spurde faren min, mens han retta stavefeil. Eg skjønner at eg skriv dårleg nynorsk, og at eg akkurat har rota meg ut i ei verd der alle anten elsker eller hatar måten eg skriv på. Dei aller fleste hatar måten eg skriv på uansett, sidan eg skriv dårleg nynorsk. Same det.

Eg er heller ikkje aleine i nynorsk-konverteringa: Kamerat Tymi Gabrielsen er med i «bokmålsbrukarar som skriv dårleg nynorsk om dagen»-klubben.Men eg kjem til å bli bedre. Berre vent og sjå.

Elles: Eg er på påskeferie i Fredrikstad.
Eg har vore hjå tannlegen og det var ikkje noko gøy.
Eg har hatt besøk av Ellinor, (Katarina har skrivi ein inmari fin post om både henne og bloggen hennar)
Mamma har byrja å lesa bloggen min- så no må eg passe på kva eg skriv her (c;
Ho har laga si eigen blogg, også.
I det heile tatt er folk rundt meg bitt av blogg-basillen: Solveig har fått si eigen blogg ho også, der ho kan skrive om bæsj og alt anna ho tykker er stas.

Eg skal skrive noko lurt her snart, altså. Det er heilt sant.

Men nok for i kveld.

Read Full Post »